02 mars 2007

Orsak

Eg innser no at kvaliteten og intensiteten på bloggen min har vore skremmande dårleg i det siste. Kvifor i all verda er den siste posten min om kva for matrett eg er i samband med Thanksgiving?? Dette er lågmål, og vert ikkje betre ved at eg ikkje har noko som helst forhold til Thanksgiving. Eg lover å forbetre meg. Voner dykk ber over med meg.

26 november 2006

You Are The Stuffing

You're complicated and complex, yet all your pieces fit together.
People miss you if you're gone - but they're not sure why.

05 november 2006

Sundag - Dimanche

Synest ettermiddagen kom altfor tidleg i dag. Har ikkje gjort noko av det eg burde, særleg å førebu meg til deleksamen i fransk i morgon. Det vil seie eg har har sett "Ein langvarig forvelse", for å få inn litt fransk. Men trur det var totalt unyttig, då han var teksta på norsk. Om ikkje lenge må eg byrje å bake brød, viss det skal vere von om noko å ete til frukost i morgon.

Kva eg har gjort i dag, byrja å strikke pulsvanter. Men eg har no innsett at eg ikkje vert ferdig med dei i dag, og det irriterer meg litt. Slik skal dei verte, men i ei anna farge og med eit anna garn.

Gårsdagen, derimot var særs bra. Så ein grådig bra film The Departed, var på fest hos Ingvild og åt grådig god applecrumble. Mmm..

Vil ikkje at helga skal ta slutt.

04 november 2006

Litt småsnakk om vêret


Det er nærast få ting som er så uproblematisk å snakke om som vêret. Eg er blant dei som er særs oppteken av vêr, og finn stadig høve for å ta opp temaet. Ein av grunnane kan vere at eg er særs dårleg på "småsnakk", og vêret er truleg det einaste småsnakkemnet eg maktar. Snakka nyleg med ein som meinte at vêrsamtaler er heilt idiotiske. Først og fremst fordi alle vêrkommentarar berre omtaler det innlysande, og fører sjeldan til særleg debatt. Men er det ikkje det som er heile poenget med småsnakk. Som småsnakkemne er vêret eit utmerka emne, det finst knapt noko emne som rommar så mykje.

Denne veka kom vintaren til Oslo, og på tysdag føltest det som å vandre i ein snøstorm (truleg meir ein frisk snøbris). Snakka seinare med broren min, og prøvde å få litt sympati for dei strabasiasar eg hadde vore gjennom. Fekk ikkje det, kanskje ikkje så rart. Han forklarte meg at heime hadde det regna så lenge han kunne hugse. Han forklarte meg at han best kunne forklare meg at det vel ikkje regna lenger, det var meir slik at det fall kontinuerleg vatn. Då eg las dette i heimstadsavisa, med overskrifta "Rotbløyten på vei" på førstesida, skjønte eg kva bror min meinte, og at vi no bur i to ulike vêrsfærerar.

Eg er eigentleg ganske glad i regn, og når det kraftig vêr kjem innover land, er det jo moro å vere der. For når alt kjem til alt er det jo litt kjekt å vere der ting skjer, her er det kontinuerleg delvis overskya opphaldsvêr. Rett og slett litt keisamt, og ikkje minst eg får jo aldri nytta raudstøvlane mine.


P.S. Las bloggen til systera mi, og fann dette her:regn-regn-og-atter-regn

29 oktober 2006

Fridom til å velje


Heime i Bergen er Friele synonymt med kaffe. Når nokon spør deg om du vil ha kaffe, spør dei deg samstundes om du skal ha Friele-kaffe. I tillegg får du Friele-kaffe i alle daglegvarerbutikkar. Eg vil tru at Friele har ein marknadsandel på nærare 90% i Bergensområdet, og det trass i at det er høve til å kjøpe andre kaffemerker i butikkane. Så for nokre veker sidan fekk eg kaffetraktaren min over fjellet til Oslo. I samband med at eg fekk kaffetraktaren min, var det naudsynt for meg å kjøpe inn kaffe. I følgje barnelærdommen min, vil det seie å gå til innkjøp av Friele-kaffe. Det skulle syne seg å ikkje verte lett.

Eg har to daglegvarerbutikkar i nærleiken, Kiwi og Meny. Sidan Kiwi er nærast, var det her eg byrja jakta på kaffe. Men her var det ingen Friele-kaffe å få tak i, dei hadde derimot ei rekkje andre merke. Den første tanken min var at dei var utseld for Friele, og kom eg att i morgon hadde dei sikkert fått inn Friele. Kva skal eg seie, trass i at Kiwi får inn stadig nye lagre kaffe, får dei aldri inn Friele. Derfor val eg å vitje Meny ein tur og sjå kva ein kunne få der. Meny seier om seg sjølv at her har ein "Frihet til å velge", eg har enno ikkje funne denne fridommen. Det var ikkje mogleg å finne Friele på Meny heller. Eg innså no at eg måtte gå vidare med saka. Eg tok kontakt med Friele.

I Noreg er dei ulike daglegvarebutikkane medlem i ulike kjeder. I Norgesgruppen finn ein m.a. Meny og Kiwi. Det gjer at dei vil selje sine eigne produkt, t.d. Ali og Evergood. Etter å eposta med Egil Olafsson hos Friele, fekk eg melding om at i dette distriktet vert ikkje Friele selt hos Kiwi, medan Meny har høve til å ta inn Friele viss dei ynskjer. Derimot kan eg handle Friele hos m.a. Rimi, Rema og ICA, då dei ikkje er medlem av Norgesgruppen.

I byrjinga handla Friele-kaffe for meg mest om lokalpatrotisme, men no er det ei sak om ha fridommen til å velje dei produkta ein sjølv vil kjøpe. Ved at Kiwi ikkje tek inn alle dei kaffemerka som er på marknaden, gjer det at kundane deira har avgrensa merke å velje imellom. Eg meiner at forbrukarane skal sjølv velje dei produkta dei vil ha, ikkje at butikkane skal gjere det for oss. Det var kaffe som fekk meg til å innsjå denne problematikken, men eg er vel 100 % sikker på at problemet gjeld på dei fleste matvareområde.

Kva har eg lært av dette. At for meg er viktig å ha høve til å gjere mine eigne val. Den siste veka er eg vorten oppringt to gangar kvar av "Foreninga for uventa barnedød" og "Sjømannskyrkja". Eg vert litt irritert når dei ikkje tek mine "nei" på alvor. Eg tvilar ikkje på at dei gjer eit viktig arbeid, men eg ynskjer å velje sjølv kven eg skal støtte. Når eg støttar frivillege organisasjonar, vel eg dei som eg synest er særleg viktig, og som har eit arbeid eller bodskap eg lett kan stille meg bak.

For meg er både kaffeval og støtte til frivillege organisasjonar, ei sak om: "Fridommen til å velje".

19 oktober 2006

Oppdatert


Då eg skaffa meg digitalkamera i vår, sette eg meg eit mål om at eg ikkje skulle verte ein slik med megabyte på megabyte med bilete lagra på harddisken. Måndag fann eg ut at noko måtte gjerast, og klarte å få tinga kopiar av bileta mine. Derfor var det ei stor glede å kunne hente posten i dag, og finne ca 150 bilete, ganske bra vart dei òg. Kan rå alle til å nytte seg av fototenestene til JapanPhoto, billege er dei òg.

Elles har eg bakt brød i dag, og skal snart nyte ei heimelaga skive og varm sjokolade.

I tillegg har eg fått byrja på oppgåva om Kyoto, og førebudd meg til italiensken i morgon, noko eg eigentleg alltid bør gjere.

Alt i alt, ein ganske bra dag.

15 oktober 2006

Ynskjeliste

Kvar einaste året, gjentek det seg. Folk (stort sett familien) kjem og spør meg kva eg ynskjer meg til jul. Eg klarer ikkje å tenkje meg ein einaste ting eg kunne ynskje meg, endar som regel opp med å seie "eg veit ikkje heilt...fin på noko fint du". Eg vil gjerne verte overraska, men det er jo ei grense for kor mange illeluktande duftlys ein verkeleg har lyst på. Derfor tenkjer eg å leggje ut ei ynskjeliste her, slik at eg kan melde i frå om ting eg finn ut at eg har lyst på med ein gong, og ikkje risikere å gløyme dei. Nokon vil kanskje meine det er litt tidleg, men sidan Nidar allereie har plassert ut julemarsipanen sin, tek eg sjansen.