04 november 2006

Litt småsnakk om vêret


Det er nærast få ting som er så uproblematisk å snakke om som vêret. Eg er blant dei som er særs oppteken av vêr, og finn stadig høve for å ta opp temaet. Ein av grunnane kan vere at eg er særs dårleg på "småsnakk", og vêret er truleg det einaste småsnakkemnet eg maktar. Snakka nyleg med ein som meinte at vêrsamtaler er heilt idiotiske. Først og fremst fordi alle vêrkommentarar berre omtaler det innlysande, og fører sjeldan til særleg debatt. Men er det ikkje det som er heile poenget med småsnakk. Som småsnakkemne er vêret eit utmerka emne, det finst knapt noko emne som rommar så mykje.

Denne veka kom vintaren til Oslo, og på tysdag føltest det som å vandre i ein snøstorm (truleg meir ein frisk snøbris). Snakka seinare med broren min, og prøvde å få litt sympati for dei strabasiasar eg hadde vore gjennom. Fekk ikkje det, kanskje ikkje så rart. Han forklarte meg at heime hadde det regna så lenge han kunne hugse. Han forklarte meg at han best kunne forklare meg at det vel ikkje regna lenger, det var meir slik at det fall kontinuerleg vatn. Då eg las dette i heimstadsavisa, med overskrifta "Rotbløyten på vei" på førstesida, skjønte eg kva bror min meinte, og at vi no bur i to ulike vêrsfærerar.

Eg er eigentleg ganske glad i regn, og når det kraftig vêr kjem innover land, er det jo moro å vere der. For når alt kjem til alt er det jo litt kjekt å vere der ting skjer, her er det kontinuerleg delvis overskya opphaldsvêr. Rett og slett litt keisamt, og ikkje minst eg får jo aldri nytta raudstøvlane mine.


P.S. Las bloggen til systera mi, og fann dette her:regn-regn-og-atter-regn

2 kommentarer:

Camilla sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Camilla sa...

Hei

Dette fann eg hos bloggen min til systera mi:http://sofietiger.blogspot.com/2006/11/regn-regn-og-atter-regn.html