29 oktober 2006

Fridom til å velje


Heime i Bergen er Friele synonymt med kaffe. Når nokon spør deg om du vil ha kaffe, spør dei deg samstundes om du skal ha Friele-kaffe. I tillegg får du Friele-kaffe i alle daglegvarerbutikkar. Eg vil tru at Friele har ein marknadsandel på nærare 90% i Bergensområdet, og det trass i at det er høve til å kjøpe andre kaffemerker i butikkane. Så for nokre veker sidan fekk eg kaffetraktaren min over fjellet til Oslo. I samband med at eg fekk kaffetraktaren min, var det naudsynt for meg å kjøpe inn kaffe. I følgje barnelærdommen min, vil det seie å gå til innkjøp av Friele-kaffe. Det skulle syne seg å ikkje verte lett.

Eg har to daglegvarerbutikkar i nærleiken, Kiwi og Meny. Sidan Kiwi er nærast, var det her eg byrja jakta på kaffe. Men her var det ingen Friele-kaffe å få tak i, dei hadde derimot ei rekkje andre merke. Den første tanken min var at dei var utseld for Friele, og kom eg att i morgon hadde dei sikkert fått inn Friele. Kva skal eg seie, trass i at Kiwi får inn stadig nye lagre kaffe, får dei aldri inn Friele. Derfor val eg å vitje Meny ein tur og sjå kva ein kunne få der. Meny seier om seg sjølv at her har ein "Frihet til å velge", eg har enno ikkje funne denne fridommen. Det var ikkje mogleg å finne Friele på Meny heller. Eg innså no at eg måtte gå vidare med saka. Eg tok kontakt med Friele.

I Noreg er dei ulike daglegvarebutikkane medlem i ulike kjeder. I Norgesgruppen finn ein m.a. Meny og Kiwi. Det gjer at dei vil selje sine eigne produkt, t.d. Ali og Evergood. Etter å eposta med Egil Olafsson hos Friele, fekk eg melding om at i dette distriktet vert ikkje Friele selt hos Kiwi, medan Meny har høve til å ta inn Friele viss dei ynskjer. Derimot kan eg handle Friele hos m.a. Rimi, Rema og ICA, då dei ikkje er medlem av Norgesgruppen.

I byrjinga handla Friele-kaffe for meg mest om lokalpatrotisme, men no er det ei sak om ha fridommen til å velje dei produkta ein sjølv vil kjøpe. Ved at Kiwi ikkje tek inn alle dei kaffemerka som er på marknaden, gjer det at kundane deira har avgrensa merke å velje imellom. Eg meiner at forbrukarane skal sjølv velje dei produkta dei vil ha, ikkje at butikkane skal gjere det for oss. Det var kaffe som fekk meg til å innsjå denne problematikken, men eg er vel 100 % sikker på at problemet gjeld på dei fleste matvareområde.

Kva har eg lært av dette. At for meg er viktig å ha høve til å gjere mine eigne val. Den siste veka er eg vorten oppringt to gangar kvar av "Foreninga for uventa barnedød" og "Sjømannskyrkja". Eg vert litt irritert når dei ikkje tek mine "nei" på alvor. Eg tvilar ikkje på at dei gjer eit viktig arbeid, men eg ynskjer å velje sjølv kven eg skal støtte. Når eg støttar frivillege organisasjonar, vel eg dei som eg synest er særleg viktig, og som har eit arbeid eller bodskap eg lett kan stille meg bak.

For meg er både kaffeval og støtte til frivillege organisasjonar, ei sak om: "Fridommen til å velje".

Ingen kommentarer: