28 september 2006

Bergensar i Oslo

Ettersom eg har budd i Oslo i over eitt år no, er det sjølvsagt eg ein del ting eg saknar ved Bergen som eg ikkje får oppleve her aust.

Vêret, kvifor regnar det aldri skikkeleg i Oslo, aldri noko vind som gjer at paraplyen din vendar seg rundt.

Fjell, Byen mellom dei sju fjell, særleg saknar eg det vakre lysshowet frå Ulriksmasta om kvelden.

Brann, er det naudsynt å seie noko meir.

Alle dei koseleg brusteinsgatene, som Nedre fjellsmug, kor ein finn "Det lille kaffekompaniet". Ei anna gate er Skostredet

Bergens Tidende

Godt brød. Heime har dei alltid fylte bollar med blåbær og vanilje.

Dette må då verte bra

Dette her vil eg gå på. Den nynorske mannen
Berre så kjipt at eg får besøk heime i frå nett då.

Venting

Sit her og ventar. Skal ha eksamen om eit par timar. Kven i all verda er det som bestemmer at det passar å ha eksamen kl 16 om ettermiddagen. Kva er det meining at eg skal finne på no, eg gidd ikkje lese meir om franske verb. Eg kunne sikkert lese meir om Frankrike, men eg har no funne ut kva La Manche er, og det må då vere nok.

27 september 2006

Musikk

I det siste har eg ganske tilfeldig kome over musikk, eg likar særs godt og synest alle bør høyre litt på.

Emiliana Torrini og cden hennar "Fisherman's Woman"
Emiliana Torrini

Carla Bruni og cden hennar "quelqu'un m'a dit"
Carla Bruni

Eg synest jo dette er super musikk, men er ganske sikker på at bror min vil synest dette er altfor keisamt. Men det bryr no ikkje eg meg om, kva synest du?

26 september 2006

Ny pult

Endeleg kan eg sitje ved den nye pulten min. Men ei lang reise har det vore. På laurdag drog eg til Slependen for å gjere innkjøpet, sjølv om ikkje handla noko meir enn kva som var planlagt gjekk det fort tre gode timar. Sjølve monteringa skulle ta eg starte på sundagen.
Men kva trur du skjer då eg står der med 20 treplanker og meir enn 100 spikrar? Inga bruksrettleiing følgjer med.


Det var ikkje høve til å montere saman pulten på gefylen. Eg prøvde å finne ut om det ville vere mogleg å tilsendt ei bruksrettleiing på epost frå IKEA, men spør Anna, kunne informere meg at IKEA planla å etablere ein slik service i framtida ein gong. Hjelpte det meg? Etter å vitje IKEA i all verdas land, endte eg opp med å sende ein epost til svensk IKEA. Eg rekna ikkje med noko svar, men då eg skulle sjekke eposten litt seinare, var det ei melding frå Johanna på IKEA-Sverige som innehaldt ei høgst ynskja bruksrettleiing. Takk Sverige. Det tok meg to dagar å setje saman pulten, og sjølv om han ikkje er heilt i vater er eg ganske så nøgd.
Pulten min

22 september 2006

Tilbake

Det er ikkje alltid så lett å få til alt ein ynskjer, men eg voner at eg skal få oppdatert loggen min litt oftare. Vi får sjå korleis det går. Hadde store problem med å hugse kva for brukarnamn eg har laga meg her.