28 september 2006

Bergensar i Oslo

Ettersom eg har budd i Oslo i over eitt år no, er det sjølvsagt eg ein del ting eg saknar ved Bergen som eg ikkje får oppleve her aust.

Vêret, kvifor regnar det aldri skikkeleg i Oslo, aldri noko vind som gjer at paraplyen din vendar seg rundt.

Fjell, Byen mellom dei sju fjell, særleg saknar eg det vakre lysshowet frå Ulriksmasta om kvelden.

Brann, er det naudsynt å seie noko meir.

Alle dei koseleg brusteinsgatene, som Nedre fjellsmug, kor ein finn "Det lille kaffekompaniet". Ei anna gate er Skostredet

Bergens Tidende

Godt brød. Heime har dei alltid fylte bollar med blåbær og vanilje.

Ingen kommentarer: