Men kva trur du skjer då eg står der med 20 treplanker og meir enn 100 spikrar? Inga bruksrettleiing følgjer med.
Det var ikkje høve til å montere saman pulten på gefylen. Eg prøvde å finne ut om det ville vere mogleg å tilsendt ei bruksrettleiing på epost frå IKEA, men spør Anna, kunne informere meg at IKEA planla å etablere ein slik service i framtida ein gong. Hjelpte det meg? Etter å vitje IKEA i all verdas land, endte eg opp med å sende ein epost til svensk IKEA. Eg rekna ikkje med noko svar, men då eg skulle sjekke eposten litt seinare, var det ei melding frå Johanna på IKEA-Sverige som innehaldt ei høgst ynskja bruksrettleiing. Takk Sverige. Det tok meg to dagar å setje saman pulten, og sjølv om han ikkje er heilt i vater er eg ganske så nøgd.
Pulten min
2 kommentarer:
http://www.ikea.com/webapp/wcs/stores/servlet/ProductDisplay?topcategoryId=15600&catalogId=10103&storeId=16&productId=58526&langId=-14&categoryId=16139&chosenPartNumber=00079215
Eg trur kanskje det i denne samanhengen heiter monteringsinstruks, og ikkje bruksrettleiing.
Legg inn en kommentar